h1

Hallo i luken!

desember 17, 2009

Oj! No er det en del eg kunne ha blogga om her..  Gløymt litt vekk bloggen i desse eksamenstider. Men i dag fekk eg endeleg juleferie, digg å kunne gjere akkurat det eg vil!! :) Siste tida har gått med til masse, masse lesing, men har fått gjort litt kjekke ting innimellom, som f.eks juleball med krik, henging med folk, trening etc. Gler meg til ein ferie der eg kan få gjere kjekke ting kvar dag:) Laurdag vender eg snuten heimover, merkar det skal bli godt å kome heim og sjå vener og familie:)  

I leiligheta har vi funne på ein litt morsom ting, vi har nemleg ein nisse som vi gøymer rundt omkring. Eit lite lyspunkt i eksamenslesinga å finne nissen, hehe:p Den som finn den må gøyme den på nytt og slik går det vidare. Då eg fann nissen i vaskemaskina her ein dag, tenkte eg at eg skulle dokumentere litt av plassane som nissen har vore på, før eg gøymde han igjen. 

Ha det fint så lenge:D :D

h1

Fredag den 13. er ingen ulykkesdag:)

november 14, 2009

I kveld arrangerte Student KRIK, Bingo og eg var så heldig å stikke av med hovedpremien for fullt brett:) Og damdadada….! Då vann eg eit gavekort på skihelg med Student KRIK Bergen til verdi ca 1000kr+ en del “krikstasj” :p

Fredag den 13. november er rett og slett ein veldig bra dag for min del! Korleis gjekk fredag den 13 føre seg hos dokke? Flaks eller uflaks? :P
SDC11033

h1

Trondhjem, Trondhjem at æ kunn forlat dæ…

november 12, 2009

Va ikkje det noke i den dur Trondheimssongen laud, Oda og Rakel?:) I alle fall så hadde ej ei kjempeflott helg oppe i Trondheim forrige helg og det va skikkelig trist å reise frå dokke igjen. Skulle gjerne ha vore so mykje lenger! :)

Her i St. Hallvardsvei he vi tusja so vi kan tegne på kjøleskapet vårt. Selvfølgelig måtte ej tegne et lite referat frå Trondheimsturen min på kjøleskapet, så det skal dokke få sjå her(+litt andre bilete):

SDC11007SDC11003

Her i Bergen går ting slag i slag. Heldigvis e ej ferdi me to av fire eksamena. Neste veke skal ej ut i praksis i ei 6.klasse i to veke. Det blir spennande å sjå om ej lika mej då. E liksom no ej virkelig får testa ut om læraryrket e noke for mej.:)

h1

Sagavoll neste stopp!

oktober 28, 2009

Etter masse lesing og øving til dramaeksamen, så kan eg puste litt ut og gle meg til ei alletiders helg i Gvarv. Dramaeksamen gjekk forresten veldig bra! Gruppa mi lagde eit dramaforløp om vikingtida. Seinare skal vi prøve ut dette i praksisklassa vår(6.klasse). Sensoren var veldig fornøyd med opplegget vårt, så det var jo bra:) Digg å vere ferdig med en eksamen, til tross for at norsken ventar neste veke… Men nok om det, i helga skal eg ta meg fri! :)

Det blir så bra å komme tilbake igjen til Sagavoll! Gleder meg masse til å sjå igjen alle saman og til å rett å slett vere tilbake igjen i “bobla vår”. For eit år vi hadde der, eg er så utrulig heldig som har hatt moglegheita til å ta meg eit slikt pauseår. Det var verkeleg eit år med tid for liv:)

Neste stopp=Sagavoll

 

IMG_2487

 

h1

Meg, danse swing, hmm..?

september 16, 2009

Då har eg altså meldt med på swingkurs gjennom KRIK. Eg som ikkje eig rytmesans og aldri har dansa swing før..

Men eg stolar på at skildringa på KRIK sine heimesider stemmer: “Kurset krever som ingen forkunnskaper, og passer for alle uansett rytme, kroppsbeherskelse og ferdigheter på dansegulvet”.  Kjem tilbake til korleis dette har gått etter første timen i morgon:)

swing%20dance%201

h1

Hadebra, Ingvild og Siril!

september 13, 2009

IMG_9891

Mine to gode venninner frå Sagavoll, Ingvild og Siril, har vore på besøk i Bergen. Dei går på Hald internasjonale senter og skal snart reise ut i 6-7 månadar til Bolivia og Peru. Det var så utrulig gøy å sjå dei igjen, helga gjekk berre så altfor fort. Laurdagen samla vi en god gjeng med Sagavollfolk hos oss. Ekstra koselig var det at også Lars Bernhard og Hanne tok turen til Bergen i helga.

Det blir spennande å følge med på alt dokke kjem til å få oppleve, alle inntrykk, alt i frå kvardagslige ting til litt større opplevelsar. Eg kjem nok til å gå her og misunne dokke litt, men aldri for seint å ta sjansen for min del heller:)  Nyt året, bli kjent med kulturen, stift nye vennskap og ikkje ver redd for utfordringar:) (Sal 37,5). Oppfordrer alle som vil til å stikke innom bloggane til Ingvild og Siril, link ligge til høgre:)

Er så glad for at dokke er ein del av min vennegjeng, for dokke e to heilt fantastiske persona som eg veit kjem til å bety mykje for prosjekta dokke reiser til. Ta godt vare på dokke sjøl, og vit at vi her heime tenkjer masse på dokke!

h1

Englevakt…

september 9, 2009

I forgårs hadde eg ein ganske så dramatisk opplevelse, som kunne gått så mykje verre… Eg skulle sykle ned til sentrum for å fare på trening saman med ei venninne. Det høljregna, ganske så vanleg for den byen her, og var store søyler på vegane. Dum som eg var, droppa eg hjelmen og snørte hetta godt saman. I det eg skulle sykle opp på en fortauskant, skrensar sykkelen og eg stuper rett inn i ein murvegg med haudet først. Der blir eg liggjande litt og kjenner at alt ikkje er heilt som det skal, det verkar i haudet og skuldrene. Det kjem bort ein mann og ei dame og hjelper meg. Når hetta blei teken av ser eg mykje blod utover heile jakka og får heilt sjokk og begynner å hyperventilere. Mannen og dama hjelper meg bort til bilen og vil køyre meg til legevakta. Akkurat idet eg sett meg inn i bilen kjem ein ambulanse forbi. Mannen stoppar den og Ambulansepersonal kjem bort og bandasjerer haudet mitt som ein turban :p Den eine ambulansemannen spør” Kven er konge i Noreg”? Eg svarer: hikst,hiskst.. Harald. “Kva slags dag er det i dag?” Mandag.. ” Kan du sei personnr ditt?” Ehm ja, hikst.. 23hikst 0489*****… “Ok, du er i allefall klar i toppen.”  Så ringjer dei på ei ny ambulanse som kjører meg til legevakta. Her får eg høyre av ambulansemannen at han trur eg ville kledd raudt hår.

CIMG1637

Inne på legevakta, må eg først bort til vasken slik at dei får vaska vekk blodet, følte ei lita stund at eg var med frisøren:p Då vasken var full av blod og eg framleis hadde blod nedover halsen kom mine to venninne, Hanne og Maren Louise, inn. En smule vittig å sjå ansiktsuttrykka deira.. Kuttet i haudet var heldigvis ikkje så djupt, men det var ein del sår nedigjennom. Eg slapp å sy, noko som ville ha medført å barbere vekk ein del hår, men i stadenfor stifta(!) dei saman kuttet. Eg var prøvekanin for ein lege som ikkje ha stifta sår før, men det gjekk fint. Godt mogeleg at eg pådro meg ein hjernerystelse, så fekk beskjed om å ta det med ro og at nokon måtte vekke meg med eit par timars mellomrom den første natta. Så bar det heim igjen til sofaen, og mine kjære sambuarar har varta meg opp og lagde vekkingsliste. Takk for gode vennar!!:)

Har fått meg ein skikkeleg lærepenge! Dette kunne gått så mykje verre, trur eg verkeleg må ha hatt englevakt.

Dagens moral er altså: Bruk hjelm folkens! Det kjem i allefall eg til å gjere…

h1

Sol, sol kom igjen, sola er min bestevenn, trallala…

august 2, 2009

Ej må nok berre lære mej å bli bestevenn med regnet også til hausten:) Paraplyen og regnkleda e pakka, ej e snart klar for Bergen by!

paraply

Gleda mej som berre det til å ta fatt på studietida. Skal bo saman med tre herlege venninne frå folkehøgskulen og ca 50 Sagavollfolk + folk heimafrå befinne seg i samme by, det her blir så bra det!

h1

Back to the island, Riiisøya!

juli 23, 2009

Ei veke på Skjærgårds festival på Risøya 25.juni til 02.juli med sol, svaberg, mange sagavollfolk og bra musikk, kan det bli betre? :)

Sjølv om det er litt klisje å skrive om véret så må eg berre sei at det var rett og slett fantastisk!! Strålande sol! Først den siste kvelden og siste dagen vart det litt overskya og litt regn, men då skulle vi jo heim uansett. Å bu i telt vart ganske varmt, i allefall i vårt som var ganske lite og ikkje låg i skyggen i det heile tatt. Det førte til at vi vakna i 8 tida kvar dag, men då var det berre å springe ned å ta eit morgonbad. Vi Sagavollfolk satt opp telta våre i Grimstad-campen som Jonas hadde ansvar for. Dei hadde bygd opp ei lita scene, hadde musikkanlegg og fast morgontrim frå scena kvar dag.

SDC10923SDC10920

Nokre av oss som var heile veka og innførte tradisjonar som havregraut til kvar frukost og middag laga på primus. Dagane naut vi på svaberga eller på badeplassen og tok mange dukkerta. På kveldane var det mange bra konsertar å gå på og dei siste kveldane hadde vi Sagavolltreff på berga ved badeplassen. Koselig avslutning på lange dagar:) Sagavollstanden vart også ein populær hengeplass gjennom veka, her fann vi som oftast andre Sagavollfolk. Håkon, Silje og Kristine var flinke ambassadører for Sagavoll og fekk sikkert verva en del folk til 10/11, for neste år er jo fullt! :p Misunna veldig dei som skal begynne på Sagavoll no til hausten!

SDC10929SDC10937

Laurdagen hadde vi Sagavollmiddag på det flotte tidspunkte 15.50:) Her vart det bordbøn av “Arne Aune” (Håvard) og beskjedar som f.eks Sagaheim-møte, Gvarvkamp osv..

For ei fantastisk veke:D Gleder meg til vi sjåast igjen i Bergen og ellers!

h1

Trafikkoffer

juli 23, 2009

Overskrifta på det forrige innlegget mitt aukar vell neppe talet på lesarar av bloggen min, eller kva trur du? Eg har mykje eg kunne skrivd om no, men tenkte eg skulle ta for meg gårsdagens lille episode. I gårkveld kjørte eg nemleg over ei rotte. Denne grusome ulykka skjedde då eg var på veg heim frå Ulsteinvik etter å ha kjørt Marie. Vi hadde forresten ein veldig koseleg kveld ilag her heime hos meg , med lasagne og bildemimring. Det var veldig kjekt å sjå henne igjen!  Men ja, tilbake til historia; då eg skulle kjøre ho heim, snakka vi om kor stor hjortefare det er i området, men det var ingen hjort som skulle kome i vegen for meg denne kvelden. Mens eg suste nedover Eidet på nyasfalterte vegar såg eg plutseleg ein skaping ikkje så altfor langt framfor bilen. Eg rykka hardt i rattet for å prøve å unngå å treffe den, men med lite hell.. Ei rotte mindre her i verden og eg er blitt drapskvinne…Trur det var bra at ikkje så mange andre var ute å kjørte kl 1 ei onsdagsnatt!

Rotte_246975c