
Naturen gir alle mennesker mulighet til å bli lykkelige, bare de forstår å benytte den:)
oktober 2, 2011Det er oktober, men termometeret viser rundt 20 grader… Bergen by kryr av glade folk i shorts og t-skjorte som nyter at sola har titta godt fram. Slikt vér gjer meg glad og fornøgd, og sidan det er slik ei sjeldan vare i i regnbyen, må det nytast til det fulle! :)
Saman med Ingvild og Ingrid gjekk turen til Løvstakken, eller nærare bestemt Strandafjellet. På stormkjøkkenet diska vi opp med pannekaker og banan med sjokolade. Ingvild stilte med knallgod kakao. Med flott utsikt over Bergen by, var vi einige om at stort betre enn dette kunne vi ikkje ha det. Medan Ingvild etterkvart tok kvelden, overnatta eg og Ingrid under åpen himmel. Etter ei god natts søvn vakna vi til knallblå himmel og sol, herlig! Det var så godt å kjenne den varme vinden i ansiktet, og der og då kjente eg meg så utruleg glad for å berre vere til. Trur kanskje dette er den beste opplevelsen eg har hatt på lenge! :)
Naturen er nydeleg og står klar for at vi kan bruke den, dagens oppfordring er å nyte den og passe på den!


